Jarle F. Konstali-Lødemel

Spesialist i relasjonsleiing og sosialpedagogisk arbeid

Kvifor sa eg opp den trygge jobben for å satse på relasjonsleiing?

Det var fint og meiningsfullt å vere lærar. Eg hadde mange gode kollegaer og kjekke elevar på skulen, men eg kjende likevel på at eg ville skape noko anna og at rammene vart for tronge om ein skulle kombinere ulike fokus.

Eg fekk ikkje tid til å jobbe med heile mennesket slik eg ville, verken for å hente fram det beste i elevane eller i kollegaene mine. Drivkrafta mi var å skape rom der det er trygt å vere seg sjølv – med både styrkar, feil og sårbarheit.

Til slutt kjende eg at ville gjere ei endring og kom fram til at eg eigentleg ikkje hadde noko val. Eg tok eit val med hjartet, satsa og hoppa.

Frå klasserommet til fotballgarderoben

relasjonssamling hareid fotball.jpg

Nysgjerrigheita på kva som får folk til å fungere saman, har følgt meg heile mitt vaksne liv. Med lærarutdanning og spesialisering i karriererettleiing og sosialpedagogisk arbeid frå OsloMet, har eg fått utforske dette i praksis.

Gjennom åra har eg jobba med barn og ungdomar i dei fleste skuleslag, frå barneskule, ungdomsskule, norskopplæring, vidaregåande skule og leirskule, til profesjonelle fotballspelarar. Då eg tok verktøya med inn i garderoben til Sogndal Fotball, saman med Tor-André Flo, såg vi effekten tydeleg: Når spelarar, trenarar og administrasjon delte historier og vart kjende med mennesket bak fasaden, skapte det ein varme, ei forståing og ein styrka psykologisk tryggleik.

Det stadfesta det eg allereie visste: Behovet for å bli sett er universelt – anten du er skuleelev, tilsett, leiar eller toppidrettsutøvar.

Gode relasjonar er ferskvare

mamma johannes og meg.png

Engasjementet mitt stikk djupare enn det faglege. Då eg var 28 år, mista eg mor mi til kreft. Ho vart berre 53. Midt i sorga tok eg eit større ansvar for veslebroren min på 12 år.

Erfaringa lærte meg kor skjørt livet er og kor brått vi kan miste kvarandre. Det vart eit vendepunkt som styrka verdisynet mitt – eit syn som også blir stadfesta av forsking:

Den einaste faktoren som beviseleg gjev oss lykke, er gode relasjonar.

Tryggleik frigjer prestasjon

kurs i relasjonsledelse 042.jpg

I dag hjelper eg bedrifter, skular og idrettsklubbar med å bygge trygge og sterke fellesskap gjennom systematisk relasjonsarbeid.

Relasjonar er ferskvare, og vi treng trening i å vise sårbarheit. Ikkje berre fordi det bygger tillit, men fordi verdiane og åtferda vår alltid har ei historie. Når dei rundt deg forstår bakgrunnen din – og kva som har forma deg – er det mykje lettare å tolke og forstå kvarandre i beste meining.

Når vi veit at flokken vil oss vel, bruker vi mindre energi på å vere på vakt, og meir energi på å skape resultat.

Klar for å styrke laget?

Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat dersom du har spørsmål, eller lurer på korleis eg kan hjelpe nettopp dykk.

Kontakt