Foredrag for NAV Nordfjord på Hotel Alexandra Loen

skjermbilde 2025 12 18 kl. 13.24.50

4. desember var eg i lag med NAV Nordfjord på Hotel Alexandra i Loen. Dei har samla alle avdelingane sine til fagsamling med fokus på mellom anna kultur, nærvær og samhandling.

Eg snakka om verdien av å setje arbeid med relasjonar i arbeidsfellesskapet på agendaen og i system. Gjennom ulike refleksjonsoppgåver, og ei økt med relasjonsspelet, På Vei, var vi blant anna innom; Verdien av å vise sårbarheit/presentere heile seg for kvarandre og korleis skape ein kultur for framsnakking og «positivt baksnakk».

Det var veldig kjekt å få møte denne gjengen, som i kvardagen strekkjer seg langt for å hjelpe andre mennesker med deira utfordringar. Dette er både gjevande og krevjande arbeid. Då er det godt å sjå at det blir sett av tid til å skape styrke internt, både mot kvar enkelt og for felleskapet med eit slikt fokus.

Eg er takknemleg for å få slike oppdrag og for at eg får møte så mange gode mennesker!😊

Det kan vere både skummelt og krevjande å ta steget ut i nytt terreng og følgje nye vegar, men jammen er det kjekt og berikande og! I den anledning må eg også seie at eg er svært takknemleg for at folk aktivt heiar og støttar. Det betyr mykje og slikt kan vere avgjerande for at ein faktisk tek tankar og draumar over til handling🙏😊

Skroll til toppen
0

Subtotal