I dag har eg hatt samling for Rådgjevarforum i Vestland fylkeskommune i Relasjonsleiing og presentert relasjonsspelet På Vei som ein del av innhaldet.
Verkeleg kjekt å møte så mange hyggelege og engasjerte mennesker!!🤩

Stor stas også at samlinga var på Fana Folkehøgskule, som eg sjølv gjekk på for 29 år sidan!🤩

Dette er ein fantastisk flott skule som eg har så gode minner ifrå😊 Det var veldig spesielt å kome tilbake på tunet der vi stod i august i 97, då alt låg ope, ukjent og spennande framfor oss!
Plutseleg har altså snart 30 år gått og det er jammen rart når ein hugsar mykje som i går. Så kjekt å møte vaktmester Paul igjen som framleis held orden på skulen!🤩

Lou Reed sin Perfect Day var mykje spelt dette året og passar godt her😊

Tida fyk avgårde og vi må jammen leve livet og draumane våre medan vi kan!😊❤️

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *