Foredrag: Kunsten å bygge lag

– Ei oppskrift på eit arbeidsmiljø der folk trivst, tør å feile og presterer betre saman.

Gode relasjonar oppstår ikkje av seg sjølve. Dei er ferskvare som krev innsats og vedlikehald. I dette foredraget set eg relasjonar, samhandling og kultur i sentrum, og gir dykk verktøya de treng for å skape eit arbeidsmiljø prega av trivsel, tryggleik og auka nærvær.

Kva handlar foredraget om?

I ein kvardag som ofte er både krevjande og kompleks, er det lett at dei menneskelege møta forsvinn i drift, logistikk og resultatfokus. Men det er nettopp i desse møta at grunnlaget for gode resultat blir lagt.

Med engasjement, varme og ei praksisnær tilnærming inviterer eg dykk til å reflektere over korleis de møter kvarandre. Foredraget kombinerer fagleg tyngd med menneskeleg nærleik, og gjev inspirasjon til å setje relasjonsarbeid i system.

Sentrale tema vi går gjennom:

  • Sårbarheit som styrke: Kvifor det å tore å presentere heile seg – med feil og manglar – er nøkkelen til tillit.

  • Psykologisk tryggleik: Korleis vi skaper eit klima der det er trygt å feile, og korleis dette påverkar både prestasjon, sjukefråvær og meining.

  • Framsnakking og kultur: Korleis vi bygger ein kultur for anerkjenning og «positivt baksnakk», der støtte blir ein ryggmargsrefleks.

  • Praktisk trening: I mange av foredraga bruker eg samtaleverktøyet På vei som eit innslag. Dette gjev deltakarane ei konkret erfaring med korleis strukturerte samtalar kan opne for humor, gjenkjenning, felles læring og nærvær.
kurs i relasjonsledelse 026.jpg

Kven passar dette for?

Ingen fellesskap er like. Difor tilpassar eg alltid innhaldet til målgruppa, anten de er ei bedrift som vil styrke arbeidsmiljøet, ein skule som vil betre læremiljøet eller eit idrettslag som innser at trygge spelarar presterer best.

Foredraget er særleg relevant for arenaer der menneske jobbar tett med menneske, og der det er avgjerande å ta vare på dei som kvar dag strekkjer seg litt ekstra til det beste for fellesskapet.

Kven passar dette for?

kurs i relasjonsledelse 026.jpg

Ingen fellesskap er like. Difor tilpassar eg alltid innhaldet til målgruppa, anten de er ei bedrift som vil styrke arbeidsmiljøet, ein skule som vil betre læremiljøet eller eit idrettslag som innser at trygge spelarar presterer best.

Foredraget er særleg relevant for arenaer der menneske jobbar tett med menneske, og der det er avgjerande å ta vare på dei som kvar dag strekkjer seg litt ekstra til det beste for fellesskapet.

Kva sit de att med?

Målet er ikkje berre å inspirere der og då, men å gje dykk konkrete perspektiv de kan ta med vidare i kvardagen. Etter foredraget vil de ha:

Større forståing

for verdien av å investere tid i kvarandre.

for å starte dei gode samtalane.

Konkrete verktøy

Auka bevisstheit og vilje

til å bygge ein kultur prega av varme og støtte.

jarle i oransje jakke mobil.jpg

Praktisk informasjon og pris

Foredraget kan haldast som eit frittståande inspirasjonsforedrag, eller inngå som ein del av ein større fagdag eller prosess.

  • Varigheit: 45–90 minutt (kan tilpassast etter avtale).
  • Format: Fysisk oppmøte (eg reiser dit de er).
  • Pris: Frå kr 20.000,- (reisekostnader kjem i tillegg).

(Prisen føreset eit standard foredrag på inntil 90 min. For lengre prosessar, sjå Kurs i relasjonsleiing).

Vil du løfte fellesskapet dykkar?

Har du spørsmål om innhaldet, eller ønskjer du eit skreddarsydd opplegg? Send meg gjerne ein e-post eller ring for ein uforpliktande prat:

Kontakt