– For dykk som vil gå frå ord til handling
I dette kurset flyttar vi fokuset frå kva til korleis, og trener målretta på å styrke tryggleiken og samspelet i gruppa.
I ein travel kvardag handlar samtalane ofte om drift, fristar og logistikk. Då er det vanskeleg å sjå mennesket bak rolla, og vi går glipp av krafta som ligg i eit trygt fellesskap.
Eg inviterer til ei relasjonssamling – ei heilskapleg økt med både fagleg påfyll og konkrete verktøy. Vi startar gjerne med eit felles rammeverk for relasjonsleiing, før vi går over i ein aktiv verkstad der de sjølve er med på å gjere jobben.
Her blir teori og praksis kopla saman slik at innhaldet blir relevant og nyttig. Målet er ikkje prestasjon, men bevisstheit, meistring og utvikling.

Frå teori til praksis: Det er ikkje nok å vite at tillit er viktig, vi må trene på å bygge det. Her går vi frå å snakke om arbeidsmiljøet, til å øve på samhandlinga som styrkar det.
Strukturert samtale: Kjernen i arbeidet er samtalespelet På Vei. De treng ikkje uroe dykk for ubehagelege «bli-kjent-leikar»; dette verktøyet gir trygge rammer som opnar for refleksjon, humor og historier som elles sjeldan kjem fram.
Intensjonskanalen: Vi trener på å sjå bak åtferda og leite etter det gode i kvarandre. Når vi veit litt meir om «bagasjen» til ein medelev eller kollegaen vår, er det lettare å tolke kvarandre i beste meining. Dette dempar konflikter og aukar toleransen mellom oss.
Sårbarheit som styrke: Vi ufarliggjer det å vise feil og manglar. Når vi torer å vise kven vi er – og ikkje berre kva vi gjer – aukar tilliten i eit miljø.
Psykologisk tryggleik: Målet er å skape ein kultur der det er trygt å rekkje opp handa, dele ein vill idé eller innrømme ein feil. Det er denne tryggleiken som skil middelmådige team frå dei som verkeleg presterer og ikkje minst: Det er dette som gjer det meiningsfullt å møte opp og høyre til eit fellesskap.
Menneske er menneske, anten dei sit i eit kontorlandskap, står i eit klasserom eller skal prestere på ei fotballbane. Mekanismane for tryggleik og tillit er dei same.
Likevel tilpassar eg alltid innhaldet og vinklinga til dykkar kvardag. Kurset passar særleg godt for:
Kort sagt: Kurset er for alle arbeidsplassar der folk jobbar tett på folk, og der resultata er avhengige av at samspelet fungerer.
Normalt ein halv dag (ca. 3,5 timar) eller heil dag etter avtale. Vi kan òg arrangere seminar eller sy saman prosessar som går over lengre tid.
Fysisk oppmøte. Vi treng eit rom der det er mogleg å sitje i grupper og prate saman uforstyrra.
Frå kr. 10 000,- kr. Ta kontakt for tilbod.
Send meg ein e-post eller ring for ein uforpliktande prat, så finn vi løysinga som passar dykk best.