img 1592 2

 Løpecampar

Løpecamp i Stryn 18.-21. Juni 2026

Løpecampane kombinerer fysisk aktivitet og møter mellom mennesker med same lidenskap. Målet er at deltakarane opplever verdien av å dele aktive opplevingar saman med venner eller nye bekjentskapar og dette skal gje ytterlegare motivasjon og glede for eit aktivt og godt liv.

Løpeglede, fellesskap og påfyll i spektakulær natur

Bli med på ei uforgløymeleg løpecamp i Stryn, der fjord og fjell, latter og løpeglede møtest!

Tre netter og tre dagar (torsdag til søndag) fylte med guida turar, flotte naturopplevingar, gode måltid og sosialt samvær -alt med base på Nordfjord Fritidssenter, midt i den vakre Strynenaturen.

For alle nivå

Enten du er ein erfaren fjelløpar eller tek dei første stega dine på stien, er du hjarteleg velkomen!

Campen handlar ikkje om å springe fortast, men om å kjenne på meistring, fellesskap og løpeglede undervegs. Vi legg opp til trygge og guida turar der alle blir tekne vare på og ingen blir etterlatne.

Fullt guida opplegg

Erfarne løparar og turleiarar tek deg med på inspirerande turar i noko av den vakraste naturen landet vårt har å by på. Her får du kjenne på samspelet mellom fysisk aktivitet, mental styrke og ekte naturglede saman med andre mennesker.

Fellesskap, påfyll og nye relasjonar

Mellom turane er det god tid til kvile, refleksjon og gode samtalar. Målet vårt er at du skal reise heim med ny energi, friske krefter og kanskje nye venner for livet. Dette blir ei helg for inspirasjon, fellesskap og ekte løpeglede midt i den vakre Strynenaturen!

Velkommen til Løpecamp i Stryn!

skjermbilde 2025 11 26 kl. 16.09.08
img 1593 2
img 1592 2
img 1705 2
img 1629 2
img 1631 2
Skroll til toppen
0

Subtotal