Kva kan du vente i eit føredrag med meg?
I føredraga mine set eg relasjonar, samhandling og kultur i arbeidsfellesskapet i sentrum. Med engasjement, varme og ei praksisnær tilnærming inviterer eg deltakarane til refleksjon rundt korleis vi møter kvarandre i kvardagen, og kva betydning dette har for trivsel, nærvær og samarbeid.
Eg tek utgangspunkt i verdien av å setje arbeid med relasjonar på agendaen og inn i system. Relasjonar oppstår ikkje av seg sjølve, dei må haldast ved like og utviklast medvitent for å skape trygge og robuste fellesskap, særleg i arbeidskvardagar som kan vere både krevjande og komplekse.
Gjennom refleksjonsoppgåver og dialog inviterer eg deltakarane til å utforske tema som betydninga av å vise sårbarheit, det å tore å presentere heile seg i møte med kollegaer, og korleis dette kan bidra til auka tillit og tryggleik i gruppa. Eg løftar òg fram korleis ein kan byggje ein kultur for framsnakking og positivt baksnakk, der anerkjenning og støtte blir ein naturleg del av arbeidsmiljøet.
I mange føredrag nyttar eg òg relasjonsspelet og samtaleverktøyet På Vei som eit praktisk innslag. Dette gir deltakarane konkrete erfaringar med korleis strukturerte samtalar kan opne for gode refleksjonar, humor, gjenkjenning og felles læring.
Føredraga mine er særleg relevante for arbeidsplassar der menneske jobbar tett med menneske og står i krevjande roller. Eg er oppteken av å styrkje både den einskilde og fellesskapet, og av å bidra til at dei som kvar dag strekkjer seg langt for andre, òg blir tekne vare på.
Du kan vente deg eit føredrag som kombinerer fagleg tyngd med menneskeleg nærleik, og som gir inspirasjon, påfyll og konkrete perspektiv som kan takast med vidare i arbeidskvardagen.

